Maritimt akuttmottak

Alexander Zaneski har fem måneder bak seg i sjefsstolen for Bømlo Skipsservice i Langevåg. På Bømlakonferansen presenterte han seg sjølve, verksemda og framtida.

Alexander Zaneski

- Eg er 31 år, frå Stord og starta som automatikarlærling i 2012. Det blei fjorten år innanfor olje og gass før eg blei dagleg leiar i Bømlo Skipsservice i 2025, sa Alexander Zaneski til kollegaer i næringslivet.

Bømlo Skipsservice har vore i sterk vekst dei siste åra. I fjor landa omsetnaden på nær 264 millionar kroner. Talet på tilsette er kome opp i 55. Eigar er Eidesvik Invest.

- Det lokale eigarskapet har veldig stor verdi, sa Zaneski.

Bømlo Skipsservice ligg sentralt til ved hovedleia. Dei har spesialisert seg på skipsservice med reparasjonar og oppgraderingar. Det er blitt gjort store investeringar i fasilitetar og utstyr, mellom anna i ein stor båtheis.

- Me er som eit maritimt akuttmottak. Når eit fartøy treng hjelp, står me klare. Raskt, effektivt og med kvalitet i alle ledd, smilte Zaneski.

Han såg også framover.

- Me skal utvida oppstillingsområdet vårt med krankapasitet og oppstillingsplass. Det vil gje oss betre fleksibilitet. Dessutan skal me ferdigstille pågåande investeringar med omsyn til renseanlegg og miljøstasjon. Så vil me fortsatt vere avhengig av god tilgang på kompetent arbeidskraft og gode vegar.

(Tekst og foto SMe)

Forrige
Forrige

Visste du at … ?

Neste
Neste

Livepod med Martin Laurhammer