Populær utdanning i nautikk trekker søkarar til Haugesund

Ved Høgskulen på Vestlandet i Haugesund er det særleg utdanninga i nautikk som merkar seg ut i årets søkartal. Det er også fleire som vil studere sjukepleie, i tillegg til administrasjon og leiing.

Jorunn Steensnæs er institituttleiar for maskin- og maritime studium.

Det er særleg ei utdanning som merkar seg ut. Bachelor i nautikk med integrert praksis ved HVL er den første utdanninga av sitt slag i Noreg. Tidlegare måtte ein skaffe seg praksis sjølv i etterkant av studiet, men no er praksis tatt inn i studiet.

- Tala er verkeleg bra på nautikk. Då me fekk den fireårige utdanninga med integrert praksis, såg me ei fin framgang i søkinga, seier Jorunn Steensnæs som er instituttleiar for maskin- og maritime studium.

I år er det 173 førstevalssøkarar til 48 plassar. I fjor var talet på førstevalsøkare 139.

Oppgang for maskiningeniør

Ingeniørfaga ved HVL i Haugesund har relativt stabile tal.

- Men me ser ein oppgang for maskiningeniørutdanninga frå 45 førstevalsøkare i fjor til 62 i år, medan brannsikkerheit og elektro går litt ned, seier Steensnæs.

Ho bles med dette likevel ikkje av det såkalla “ingeniørløftet” som det blei tatt initiativ til i fjor haust.

- Nei, me har framleis ein veg å gå for å tryggje ingeniørutdanningane i Haugesund.

 
«Tala er verkeleg bra på nautikk.»
— Jorunn Steensnæs
 

(Tekst SMe)

Forrige
Forrige

Sammen i slaget om Stad

Neste
Neste

Hva skal til for å bli leverandør til forsvarsektoren?