Rekordår for Zinus
Zinus kan vise til sitt beste resultat nokon gong etter eit svært sterkt år prega av kraftig vekst og vidare internasjonalisering. Samstundes kjem ein ny investor frå USA inn.
Arkivfoto: Endre Eidsvik leiar Zinus.
I 2025 omsette selskapet for 229 millionar kroner og leverte eit positivt resultat før skatt på 4,7 millionar kroner. Dette inneber meir enn ei dobling av omsetninga samanlikna med 2024 samstundes som selskapet er lønsamt.
- Resultata stadfestar at vekststrategien vår fungerer. Målretta arbeid, kombinert med eit sterkt samarbeid mellom dyktige og erfarne medarbeidarar, har gitt tydelege resultat, seier Endre Eidsvik, administrerande direktør i Zinus.
Som ledd i den internasjonale veksten etablerte Zinus i 2025 to nye sals- og servicekontor - eitt i Italia og eitt i Seattle i USA.
- Dette styrkjer selskapet sitt nærvær i sentrale marknader og gir eit solid fundament for vidare ekspansjon, seier Eidsvik.
Det aukande globale fokuset på reduksjon av utslepp frå fossil energi skaper betydelege marknadsmoglegheiter framover.
- Zinus sin teknologi og løysingar er godt posisjonerte for å møte etterspurnaden etter berekraftige og kostnadseffektive alternativ innan maritim elektrifisering, seier Endre Eidsvik.
Den sterke utviklinga har òg auka interessa frå internasjonale investorar. Ved årsskiftet 2024/2025 kom Eastern Pacific Shipping Ventures (Singapore) og det statlege investeringsselskapet Nysnø inn på eigarsida. No har også det USA-baserte selskapet Hartree Partners kjøpt ein minoritetspost i Zinus.
- Vi er svært nøgde med å kunne bruke kompetansen vår innan globale skipsfartsmarknader og energiinfrastruktur til å bidra til vidare utrulling av Zinus si landstraumteknologi i verdsklasse. Dette er ein viktig pådrivar for kostnadseffektiv, sikker og påliteleg elektrifisering av den maritime næringa, seier George Potts, leiar for Hartree Partners si teknologiinvesteringsverksemd.
Zinus har no seks solide eigarar med komplementær industriell og finansiell kompetanse.
- Dette styrkjer fundamentet til selskapet betydeleg og gir oss eit endå betre utgangspunkt for vidare vekst og langsiktig verdiskaping, seier Eidsvik.
Zinus sitt hovudkontor ligg på Bømlo. Suksessen til verksemda er ei av årsakene til at kommunen er nominert til Årets maritime kommune.
(Tekst SMe basert på pressemelding. Foto SMe)

