Ladeselskapet Zinus styrkjer seg i Nord-Amerika med nytt kontor i Seattle

- Det nye kontoret skal i starten fungere som eit salskontor slik at Zinus kan samarbeide enno tettare med eit stadig aukande nettverket av kundar og partnarar i USA og Canada, heiter det i ei pressemelding.

Sveinung Odegard, som har budd i USA i mange år og har over 30 års erfaring frå den maritime bransjen, vil leie Zinus si verksemd i USA.

Etableringa av Zinus Power LLC inngår i ein global vekststrategi.

- Etter kvart som fleire hamner og fartøy går over til elektrisk drift, er vi glade for å få eit sterkare fotfeste i ein region som er avgjerande for framtida til berekraftig maritim industri. Trass i noko skepsis mot grøn teknologi, ser vi stadig større framdrift her i Nord-Amerika. Dei positive effektane av elektrifisering, både miljømessig og økonomisk, vert stadig meir synlege for alle involverte. Vi er ikkje i tvil om at denne marknaden har eit enormt potensial, seier Sveinung Odegard, president i Zinus Power LLC.

Endre Eidsvik, administrerande direktør i Zinus AS, uttrykkjer og si glede over utvidinga.

- Å etablere ei permanent tilstadevering i Seattle er eit naturleg neste steg for Zinus. Den nordamerikanske marknaden utviklar seg raskt, og både hamner og maritime aktørar har eit aukande fokus på elektrifisering og berekraftige løysingar. Med Sveinung i førarsetet har vi stor tru på at vi kan levere vår kompetanse og gjennomprøvde teknologi til ein region som i stadig større grad er klar for endring, sier han.

(Tekst SMe tilpassa etter pressemelding.)

Forrige
Forrige

Blir Bergen årets maritime kommune?

Neste
Neste

Stortingskandidat i båt