Ny kontrakt til Zinus - no i Connecticut i USA

Zinus Power LLC har fått tildelt ein kontrakt frå Connecticut Port Authority i samband med New London State Pier Shore Power Project.

Sveinung Odegard er president i Zinus Power LLC. Foto Zinus.

Dette skriv Zinus i ei pressemelding.

- Leveransane frå Zinus vil bidra til auka landstraumkapasitet gjennom tilkopling av fartøy via batteridrivne, mobile kabelhandteringssystem for landstraum. Leveringa er planlagd til slutten av fjerde kvartal 2026, heiter det i meldinga.

Kontrakten er den første der montering skjer i USA, og den reflekterer Zinus si satsing på å møte krav til lokal verdiskaping i den amerikanske marknaden.

– Vi er stolte over å få vere med på dette viktige prosjektet saman med Connecticut Port Authority. At vi no aukar aktiviteten vår i USA, viser at vi satsar langsiktig i marknaden. Det er også positivt å sjå at vi allereie er godt i gang, byggjer opp lokal aktivitet i USA og bidreg til utvikling av meir klimavenleg hamneinfrastruktur, seier Sveinung Odegard, president i Zinus Power LLC.

Zinus held altså fram med å styrkje aktiviteten sin i Nord-Amerika, Verskemda leverer innovative løysingar for landstraum og lading som bidreg til at hamner og fartøysoperatørar kan møte stadig strengare miljøkrav.

(Tekst SMe tilpassa frå pressemelding.)

Forrige
Forrige

Samarbeid som konkurransefortrinn i en verdensledende klynge

Neste
Neste

Godt plantet i Haugesund