Store planar på Rubbestadneset
LOS Gruppen planlegg ny dokk med tilhøyrande kaiar, lagar og næringsbygg. Mykje handlar om forsvarsløftet.
Illustasjonen er henta frå LOS Guppen sin LinkedIn-profil.
Klynga på Rubbestadneset
- Me vidareutviklar no Rubbestadneset for å styrkje den maritime klynga i Sunnhordland for framtidas forsvar og skipsfart, skriv LOS Gruppen på LinkedIn.
På Rubbestadneset finn du i dag ei komplett maritim verdikjede, med skipsservice, vedlikehald og framdriftskompetanse i verdsklasse. LOS Marine, LOS Elektro og Wärtsilä Norway utgjer allereie eit sterkt og samansett miljø med rask responstid, kort liggetid og tilgang på kritiske ressursar rett ved kai.
- Her er alle føresetnader til stades for å auke totalberedskapen i regionen, landet og Norden – og bli eit førsteval til reiarlag langs heile kysten, skriv LOS Gruppen.
Fram mot 2036 skal Noreg styrkje forsvaret med 600 milliardar kroner, mellom anna med fregattkjøp og bygging av 28 standardfartøy. Seinare skal dette haldast vedlike.
5,3 milliardar kroner
Maritim Rapport 2026 fortel at den samla omsetnaden i den maritime næringa i heile Bømlo kommune i 2025 kom opp i 5,3 milliardar kroner med 1.642 sysselsette. Då reknast også mellom anna Eidesvik Offshore i Langevåg og Aasen Shipping i Mosterhamn inn.
“Maritimt Rapport 2026 fortel at den samla omsetnaden i den maritime næringa i heile Bømlo kommune i 2025 kom opp i 5,3 milliardar kroner med 1.642 sysselsette. ”
På Rubbestadneset blei Haldor A. Haldorsen den store pioneeren som med to-taktsmotoren sin frå 1903 la grunnlaget for industriklynga me i dag ser.
- På toppen av eit 120 års industrieventyr tek me no neste steg slik at me opprettheld posisjonen som ei av dei fremste maritime klyngene i landet, skriv LOS Gruppen.
Området på Rubbestadneset er ferdig regulert til å kunne vidareutviklast med utvida ISPS-kai, ny dokk, meir landareal og betre fasilitetar for samtidige prosjekt.
Søkjer investorar
- Me arbeider no for å få inn investorar og samarbeidspartnarar, slik at me kan styrke kapasiteten og støtte moderne forsyningskonsept og sikre ei endå meir robust og framtidsretta maritim klynge på Vestlandet, skriv LOS Gruppen og avsluttar med eit bydande spørsmål:
- Rubbestadneset skal vere ein trygg hamn for maritime investeringar. Vil du vere med på utviklinga?
“Rubbestadneset skal vere ein trygg hamn for maritime investeringar. Vil du vere med på utviklinga?”
(Tekst SMe)

